Eg ville ha tre ting: eit bilete av plantane kvart 15. minutt, ein måte å sjå det nyaste på når eg ikkje var heime, og ein timelapse til slutt.
- Bilete. Eit kort Python-skript med Picamera2 som cron startar kvart 15. minutt. Det held ein teljar i ei tekstfil så bileta blir nummererte i rekkjefølgje. Det frigjer òg kameraet dersom ei tidlegare køyring kræsja, for elles var kameraet låst når Pi-en starta på nytt.
- Opplasting. rclone sender det nyaste biletet til Google Drive kvart 15. minutt, og ein annan cron-jobb sjekkar Wi-Fi-en kvart femte minutt og koplar til på nytt om han har falle ut.
- Timelapse. Eit skript som set saman alle bileta til ein video.
Realistisk sett var opplastinga stort sett å følgje eit par guidar.