Når
2025
Kategori
For moro skuld
Type
Programvare
Verktøy
C++, Meson
Lenker
Koden på GitHub

Nerdle Targets gir deg seks tal og eit mål, og du kombinerer dei med +, −, × og ÷ for å treffe. Eg skreiv eit program som prøver alle rekkjefølgjer av tala og alle kombinasjonar av operasjonar, strengt frå venstre mot høgre, og skriv ut kor mange løysingar det fann og ei av dei.

Gir du det tala 1 til 6 og målet 10, finn det til dømes 107 løysingar.

Det vart snikra saman på nokre timar, og det merkast. Det testar mange duplikat (3 + 6 og 6 + 3 tel som ulike), og skal du endre kor mange tal det tek inn, må du endre koden. Tek eg det opp att, er det dei to første tinga eg fiksar, og så eit skikkeleg brukargrensesnitt.