Når
2026–
Kategori
Anna
Type
Undervising
Med
OmBul
Verktøy
Grafisk design, GIMP, Undervising

I OmBul hamnar grafikken vår på papir: alt blir eksportert til PDF og sendt til trykk. Som opplæringsansvarleg skal eg sørgje for at fleire i avisa kan lage dette materiellet på eiga hand, ikkje berre dei få som kan det frå før.

Det vil seie å lære bort det grunnleggjande i grafisk design slik det gjeld for oss: korleis ein set opp ei side så ho er lett å lese, korleis ein vel skrifttypar og fargar som passar saman, og korleis ein får bilete og filer i ein stand som trykkeriet kan bruke.

Ein del av det er eit nybyrjarkurs i GIMP på ein time, for folk som er vane med datamaskiner, men som ikkje har drive mykje med biletredigering. Resten skjer undervegs, når nokon jobbar med ei side og vil ha hjelp til å få ho rett.